[email protected]


Logo
Bli medlem
Macron klubbshop

Ej berre kødda?

Forfatter: Simon Gjøen

18. oktober 2025

Alle idretter
News article image

Ej berre kødda?

Vi køddar ikkje med det.

Vigra IL er med på kampanjen «Ej berre kødda?» saman med Giske kommune. Målet er å få både barn, ungdom og vaksne til å tenke litt over korleis vi snakkar til kvarandre. Det handlar ikkje om å slutte å tulle, men å vite når tull går over til å bli sårande.

«Det va jo berre kødd!» blir ofte sagt etterpå, men for den som fekk kommentaren, kan det stikke lenge. I idretten er vi avhengige av lagfølelse, tillit og respekt. Det gjeld både på bana, i garderoben og i måten vi snakkar til kvarandre på.

La oss vere laget som viser at humor kan vere inkluderande, ikkje sårande. La oss heie på kvarandre, løfte kvarandre og bruke ord som bygger opp.

📣 Sjå brosjyra og plakatane som ligg ved, og bli med på kampanjen. Saman viser vi at god lagånd startar med korleis vi snakkar til kvarandre.  

Custom image
Custom image